Hjem Ressurser Fundament Kontakt Medlem/Gaver Bispedømmene

Bjørgvin bispedømme

Frimodig Kirke - et nettverk for bekjennelse, disippelskap og fornyelse i Den norske kirke.

Undervisningsdag i Bergen 8. november

Heildagssamling med undervisning, samtale og fellesskap.

St. Jakob kirke kl 9.30 - 15.00.  MELD DEG PÅ HER.

Finst det ei framtid i folkekyrkja for kristne med eit tradisjonelt syn på Bibelen og ekteskapet?

Samtale mellom høgskulelektor Wenche Langeland, professor Egil Morland, filmskapar Randi Førsund og biskop Halvor Nordhaug, leia av podkastduoen Tore og Tarjei.

Tillit til Bibelen

Den mest omsette, lesne og distribuerte boka i verda, utsett for meir kritisk lesing enn noka anna bok. Likevel, desse tusenårig gamle tekstane forvandlar menneske over heile verda, og menneske er villige til å gå i døden for trua si på at innhaldet i denne boka er truverdig. Kva gjer Bibelen så spesiell? Kvifor kan vi ha tillit til Bibelens autoritet? Og kva betyr dette for oss i dag? Andreas Nordli, leiar av Ungdom i Oppdrag, underviser.

Undervisningsdagen kostar 250 kroner. Studentpris 100 kroner. Enkel lunsj er inkludert i prisen.

Arrangør: Frimodig kyrkje i Bjørgvin.

PROGRAM:

9.30: Registrering, drøs og kaffi

10.00 - 10.30: Velkomen, bøn og lovsong

10.30 - 12.00: Finst det ei framtid i folkekyrkja for kristne med eit tradisjonelt syn på Bibelen og ekteskapet?

12.00 - 12.45: Lunsj

12.45 - 13.15: Informasjon om og frå Frimodig kyrkje

13.15 - 14.30: Tillit til Bibelen

14.30 - 15.00: Avslutning med gudsteneste (v. Sverre Langeland)

Arbeidsgruppa for Frimodig kyrkje i Bjørgvin består av:

Norunn R. Markhus, Fusa
Daniel Kydland, Flatøy
Håkon Økland Kinsarvik, Frekhaug
Arve Kjell Uthaug, Frekhaug


Frimodig Kirke - Kontakt oss: