Hjem Ressurser Fundament Kontakt Medlem/Gaver Bispedømmene

Bjørgvin bispedømme

Frimodig Kirke - et nettverk for bekjennelse, disippelskap og fornyelse i Den norske kirke.

Undervisningsdag 2020

Tid: måndag 9. november kl 10 - 15

Stad: NLA, Amalie Skrams v. 3, Bergen

Programmet har to hovuddelar:

Ei skjør stille. Eit seminar om å koma til seg sjølv – og til Gud.

Undervisning ved Jostein Ørum, som er prest i Storsalen i Oslo og forfattar. Ørum har skrive ei rekkje bøker, den siste heiter Skjør stillhet og kom i 2019. Dessutan har han forfatta tekstane til påsekonserten Gåten om korset.

Undervisning og dialog med salen.

Finst det ei framtid i Den norske kyrkja for kristne med eit tradisjonelt syn på Bibelen og ekteskapet?

Podkast-duoen Tore og Tarjei frå Dagen i samtale med filmskapar Randi Førsund, høgskulelektor Wenche A. Langeland, biskop Halvor Nordhaug og professor Egil Morland. Panelsamtale først, deretter spørsmål og kommentarar frå salen.

Praktisk: Lunsj er inkludert i påmeldinga.

Pris: 250 kroner for påmeldingar før 1. oktober. Påmelding etter 1. oktober: 350 kroner.
Studentpris: 150 kroner.

Påmelding her!

Ta kontakt med dersom du har spørsmål.

Seminar om samarbeid og grenser

"Samarbeid og grenser. Når evangeliet skaper strid. Kor tydelege skal vi vera? Eit bibelsk og aktuelt perspektiv"

Dette er temaet for kveldsseminaret ved Geir Otto Holmås i Bergen

Måndag 21. september 2020 kl 19 - 21

Seminaret er ope for alle, og det er inga påmelding.

Stad: NLA i Bergen

Geir Otto Holmås er dr. theol. og jobbar dels ved NLA Høgskolen i Oslo, dels som frilans-forkynnar, forfattar og retreatleiar. Han har mellom anna skrive boka Ved en korsvei. Åpent brev til mine karismatiske venner (Luther 2018). Han har et djuptfølt engasjement i å skjelna sunn og usunn kristendom så evangeliet blir kjelda til liv og teneste.

Kveldsgudstenester i Sandvikskirken

Hausten 2020 har Frimodig kyrkje to kveldsgudstenester i Sandvikskirken i Bergen:

Måndag 24. august og måndag 19. oktober, kl 19.

Velkomen til fellesskap med preike, salmesong, bøn og nattverd.

Enkel kveldsmat, informasjon og drøs rundt bordet etter gudstenesta.


Frimodig Kirke - Kontakt oss: