Hjem Artikler Fundament Kontakt Bli medlem

Artikler

Frimodig Kirke - et nettverk for bekjennelse, disippelskap og fornyelse i Den norske kirke.


Barnetro og levende voksentro

19.06.2017 - Vidar Mæland Bakke skriver på verdidebatt.no om hvilket jordsmonn av reflektert og levende tro som trengs i et barns omgivelser for at barnetroen skal ha rom til å vokse seg sterk og vare livet ut.

På geledd?

20.05.2017 - Sofie Braut i Vårt Land: "Å «køyra sitt eige løp lokalt» er etter kvart blitt ein vel ­innarbeidd praksis i Den norske kyrkja. Sjå berre på biskopane."

Nettverk for frimodighet

16.05.2017 - Svein Granerud skriver i denne artikkelen i Vårt Land at nettverket Frimodig kirke er blitt til for å gi ansatte og frivillige glede og frimodighet i tjenesten, og også veiledning og støtte. "Når vandringen er krevende, er fellesskap en gave!"

Uhøyrt av statsråd – og biskop

15.05.2017 - Egil Morlands artikkel sendt til Dagen som kommentar på statsråd og biskop si instruering av eit sokn.

Soknemøtet sitt mynde

30.03.2017 - Egil Morlands kronikk i Dagen, som kommentar på advokat Johan Hagas juridiske betenkning om menighetsmøtets myndighet. (Se også artikkelen nedenfor.)

Myndighet i liturgisaker

22.03.2017 - Johan Hagas innlegg i Dagen, om menighetsmøtets innflytelse over vigselsliturgi.

Rolig no? Om behovet for forpliktande fellesskap i tider med kyrkjeleg uro.

20.03.2017 - Sofie Brauts innlegg på stiftingsmøte Frimodig kirke. Storsalen, Oslo.

"Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på."

20.03.2017 - Rolf Kjødes visjonsinnlegg på stiftelsesmøtet, der han utdypet hovedpunkter i utkastet til strategiplan for det nye nettverket som ble dannet senere samme dag.

Et vitnesbyrd i dagens situasjon

19.01.2017 - Rolf Kjøde, Vidar Mæland Bakke, Ravn Karsrud, Helge Standal, Sverre Langeland og Ingunn Aarseth Høiviks opprop til bruk i gudstjenesten 22. januar 2017.

Erklæring om den kirkelige situasjonen

02.04.2016 - Underskrevet av ca 280 prester i forbindelse med Kirkemøtet i 2016. Dannet utgangspunkt for Frimodig Kirke.


"Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på."

Kjære søsken i Kristus og medarbeidarar for evangeliet!

Eg vil innleie denne dagen med nokre ord frå Paulus sitt siste brev. Han har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Fokuset hans i dødens venterom er Timoteus sitt mismod og ei påminning om det heilage kallet. Dette blei sjølve testamentet til den som Paulus rekna som den ektefødde son sin i trua: 2 Tim. 1, 6-14.

Det har slått meg veldig ofte denne tida kor treffande Paulus summerer opp i tre ord akkurat det vi treng inn i våre liv og i vår teneste i ein situasjon der mismotet stadig står i døropninga. Guds alternativ er dette: Kraft (dynamis), kjærleik (agape) og visdom (sofronismos), sjølve teikna på Den heilage ande. Vi må be om at Anden gir oss kraft til å kjempe dei nødvendige kampane for evangeliet, kjærleik til Gud og menneske og visdom til å forstå og bruke Guds ord og handle rett i ein krevjande kyrkjeleg situasjon.

Det er fasinerande å sjå korleis Paulus komponerer dette avsnittet, der han opnar og sluttar med å minne om Andens fornying, korleis han innanfor der understrekar tenesta sitt frimod, men i sentrum av heile avsnittet ligg kjelda for det heilage kallet, sjølve evangeliet.

Vi må aldri miste dette av syne for sinn og tanke. Gud har makt til å føre sitt folk og si sak under alle forhold. Vårt privilegium er at vi får vere med i det han gjer. For lutherske kristne er der inga primær sak som heiter kamp for eit organisert uttrykk for Jesu kyrkje. Der er berre ein primær kamp, og den handlar om at evangeliet skal finne plass i menneske, generasjonar og folkeslag og at Jesus skal ta skapnad –«vinne skikkelse» - i våre liv. Det skjer når vi følgjer Han slik sauene følgjer den gode gjetaren, i overgitt tillit. Der og då står Guds kyrkje fram i verda, og i det ligg vårt kall til teneste. Det må vi minne kvarandre om – til kraft, kjærleik og visdom – når dei etablerte strukturane sviktar tilliten til den åndelege berekrafta i Guds ord og slik ristar i det ytre rammeverket vårt.

Vi tenker om denne dagen at vi er med på noko historisk. «Frimodig kyrkje», om eg får nytte ein nynorsk variant av namnet, har potensial i seg og tar mål av seg til å bli eit berekraftig fellesskap som er nødvendig no når Den norske kyrkja sine styringsstrukturar har svikta den apostolisk overleverte trua. For nokon her inne er dette ikkje berre noko som kan vere nyttig. Dette må lykkast for å sikre eit rammeverk av pastoralt tilsyn og oppfølging. Dette må lykkast for å sikre seg fridom til å etablere lokale forsamlingar og ha styringsrett med større valfridom enn det som har vore kulturen i Dnk. Dette gjeld både fleire valkyrkjelydar og større respekt for dei lokale sokna sin rett til lokal sjølvbestemming. Eit konkret eksempel er det som kyrkjelovgjevinga tilkjenner soknemøta som mandat; å fastsette kva liturgiar som skal brukast lokalt og ikkje.

Vi har lagt vekt på at FK ikkje skal vere eit kyrkjepolitisk kampnettverk. FK har ikkje posisjonering til kyrkjeval som mål. Vi treng eit heilt anna utgangspunkt. Så får det vere opp til nettverket å drøfte undervegs i kva grad ein vil spreie seg ut frå det som er kjerneverksemda. Kjernen er summert i sentrale ord som vedkjenning, fornying og utrusting, disippelskap og fellesskap.

Vi er overtydd om at det vedtaket som er fatta om å endre ekteskapsteologien i Den norske kyrkja er eit spørsmål som går djupt i trua sine spørsmål, og som derfor allereie har vist seg djupt splittande både lokalt og i kyrkja som heilskap. Det handlar om reformasjonens kjernespørsmål. For det første handlar det om forholdet vårt til Skrifta aleine som autoritet for trua og kyrkja i eit spørsmål der Bibelen er eintydig både etter teksta si og slik den er forstått universelt i heile kyrkja si historie. Den postmoderne hermeneutikken krev at lesarens livserfaring og kontekst kan bestemme at teksten betyr noko anna enn den seier. Dette er i djup konflikt med den tilliten til Guds openberring som trua bygger på.

Så handlar det om lov og evangelium. Skal forkynning og sjelesorg kalle til omvending frå synd og til eit liv i heilag etterfølging i samsvar med Skrifta, eller skal Guds bod og vilje tilpassast eit folkekyrkjeleg ønske om ikkje å støyte mot dei allmenne verdiane i eit etterkristent folk?

Til sist handlar ekteskapsspørsmålet om sjølve skaparordninga mellom mann og kvinne, og bandet mellom mor, far og barn, slik det er lagt fram i Bibelen, erkjent i den naturlege openberringa og stadfesta i Katekisma, eit av vedkjenningsskriftene våre.

Dei par siste åra har eg hatt privilegiet av å ha kontakt med svært mange i kyrkjelege roller rundt om i landet. Mange opplever ei framandgjering og gjennom det eit indre oppbrot frå den kyrkjelege samanhengen som dei har identifisert seg med. Finns det nokon veg vidare i dette? Vi som har arbeidd med stiftinga av FK har ei rimeleg samla forståing av at FK ikkje primært skal vere til for å kjempe for Dnk som organisasjon. Derimot skal nettverket vere eit fellesskap som på tvers av ulike kyrkjeleg bakgrunnar vil skape frimod for evangeliet, støtte i kyrkjelege utfordringar og halde kvarandre bibelsk ansvarleg i tru og teneste. FK vil utruste dei heilage til frimodig teneste og slik bygge opp Kristi kropp.

Frimod er blitt eit kjerneord. Svært mange av oss som er her – og vi representerer ti-tusenvis av aktive, vedkjennande kristne utover i landet – har kjent på mismod. Det er ikkje frå Gud. Derfor treng vi å be for kvarandre og sette mot i kvarandre så vi tenker og handlar ut frå frimodet i evangeliet. Sjølv om mange her inne ikkje vil prioritere å stå opp i ein kyrkjepolitisk kamp for Dnk, kallar Jesus oss til å stille opp for kvarandre og gi Andens utrustning til alle gode krefter som blir på sin post i Dnk.

Mange, også nokon av dykk her inne, har sagt til meg at vedtaket i kyrkjemøta i fjor og i år sette dykk på eit val. Dette valet handlar om disippelskapets integritet i liv og teneste. Enten måtte de tre ut av tenesta i ei kyrkje som har svikta sanninga, eller de måtte for dykkar integritets skuld trå fram frå skuggane og bli synlege og tydeleggjere kva basis de gjer teneste ut frå. Eg tolkar oppslutninga som vi har fått så langt, som at det er mange som vil satse på ein større grad av frimodig etterfølging. Det står seg overfor Gud. Så får det bere eller breste overfor menneske og kyrkjelege autoritetar.

Dersom vi skal få til dette, må vi jobbe med teologisk utrusting. Kva måte det kan skje på framover, må styret sjå vidare på, men vi har så langt sikta mot ei årleg samling nasjonalt der det skal vere vekt på teologisk fordjuping, og vi har tenkt at styret burde vurdere å sette ned ei fagteologisk kompetansegruppe som jobbar i og for nettverket.

«Av seg sjølv – ‘automate’ - ber jorda grøde,» lærer Jesus oss om krafta i Guds rike. Det er løftet som all vår teneste alltid kan kvile i. I naturen veit vi at dette ikkje er den einaste sanninga. Også nedbrytinga av liv går av seg sjølv.

Mi personlege overtyding og erfaring ut frå mange samtalar er at tilpassinga til den nye læra også skjer tilsvarande «automatisk» - av seg sjølv – om vi ikkje er bevisst på å stå opp mot den og mot presset til ein falsk fred og ro. Dette kan vi ikkje stå opp mot utan å bygge sterke fellesskap for tru, liv og teneste. Eg er overtydd om at vi må sjå kvarandre, sette mot i kvarandre og halde kvarandre ansvarlege. Elles er der ingen veg utanom ei tilpassing som kan vise seg å måtte ofre sjølve evangeliet på folkekyrkjeideologiens altar.

Drivkrafta mi, om eg kan vere personleg og litt spissformulert, er ikkje å kjempe for at fok skal bli i Dnk. Drivkrafta mi er at alle som blir, skal kunne puste, leve og tene i eit rammeverk av eit fornyande og forpliktande fellesskap der vi er til for kvarandre. Dette treng vi å gjere i eit mangfald der vi kan gjere kvarandre rikare. Det vi har med oss frå folkekyrkjebakgrunn og misjonsbakgrunn, frå karismatisk og liturgisk fornying, frå åndeleg kontemplasjon og engasjement frå skaparverk og rettferdig forvalting, er alt saman med å gi ein fylde av rikdom i FK sitt fellesskap. Den einskapen som vi er kalla til for evangeliets skuld (Joh. 17, 21), forutset at vi i utgangspunktet ber med oss inn eit mangfald, eit mangfald som speglar det Gud har lagt ned i oss. Det er avgjerande for at FK skal lykkast at vi opnar oss for kvarandre i dette mangfaldet, samtidig som vi respekterer kvarandre i ulike vektleggingar og tradisjonar.

Sjølve kjernepunktet i bygginga av fornyande fellesskap er ei danning av regionale, pastorale grupper. ‘Pastorale’ uttrykker ikkje her at dei må vere for prestar men at dei skal fungere pastoralt – personleg og åndeleg fødande og retteleiande - for dei som blir med. Vekta vil ligge på fellesskap i bøn og forbøn, hjelp til å bruke dei åndelege disiplinane og fordjupe seg i trua sine kjelder, teologisk påfyll og samtale, deling om tenesta og med det høve til å få gode råd og avgjerande støtte.

Vi har tru på mange fellesskap som samlast jamleg rundt om framfor stor vekt på nasjonale samlingar, som nødvendigvis ikkje kan vere så ofte. Dette er refleksjonar og arbeid som også er gjort i Evangelisk luthersk nettverk (ELN) og som vi derfor bør jobbe saman om vidare. Kanskje blir dette eit område framover der det blir ein variasjon utover i landet. Nokre plassar vil det vere mest naturleg at slike pastorale grupper berre samlar innanfor Dnk, men eg trur at det er enda fleire plassar der det vil vere naturleg for teneste og fellesskap at prestar, pastorar og leiarar frå ulike lutherske samanhengar kan kome saman og bygge fellesskap, nokre plassar jamvel utover dei lutherske samanhengane. ELN tok i 2016 initiativ til ein slik breiare samtale med Norme-fellesskapet.

ELN, det større fellesskapet som FK ønsker å vere ein del av, har dei par siste åra også jobba med å bygge fellesskap med store lutherske kyrkjer og nettverk internasjonalt. Dette gjeld ikkje minst dei raskt veksande kyrkjene i Etiopia og Tanzania med snart 15 millionar medlemmer. Sentralt i det fellesskapet som blir bygd, står også dei amerikanske kyrkjene som er blitt til etter brotet med ELCA i 2009, North American Lutheran Church og Lutheran Churchs in Mission for Christ. Dei omfattar over tusen lokale kyrkjer med rundt ein million menneske. Vi, saman med andre lutherske kristne i Europa, treng inspirasjonen til frimod for evangeliet frå desse og andre, særleg i det globale sør.

Då ELN hausten 2015 kalla saman til eit nasjonalt leiarmøte der fleire av dykk var med, var inngangsordet henta frå Salme 33. Eg vil avslutte med det her i dag. «Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på.» Kanskje ser vi i FK ein bit av Guds eige svar på den bøna som vi bad den gongen. Det får tida vise.

Samtidig må vi minnast på dette, vi som reagerer på at Den norske kyrkja no vil velsigne det som Guds ord forbyr: Der finns ikkje eit «vi» som ikkje er avhengig av Guds miskunn, av Guds nåde. I ein kampsituasjon, og særleg når vi definerer den i åndelege kategoriar, må kvar av oss – og vi som fellesskap – gå den ekstra runden med oss sjølve. Vi kan be våre Kyrie eleison og tenke på kyrkja, og mange av oss gjer ofte det – med rette. Innfor Gud og i vårt fellesskap treng vi likevel alle å be våre Kyrie eleison – for oss sjølve.

Vi kan ikkje gi opp sanninga, men vi må alltid fremje sanninga i kjærleik; kjærleik til Gud og hans ord, slik første delen av det bibelske kjærleiksbodet omhandlar, men og kjærleik til alle menneske, slik nestekjærleiksbodet seier. Desse skal aldri spelast ut mot kvarandre men haldast saman.

Om vi meiner at kyrkja sviktar den første delen av det doble kjærleiksbodet, må vi minnast på den andre delen, slik at vi ikkje hamnar i kald moralisme som ikkje ser dei menneska som vi skulle identifisere oss med og som slik mistar det evangeliet vi lever av. «Gud, ver meg syndar nådig,» er ei bøn vi aldri kan bli ferdig med, kvar med våre kampar mot synda. Står vi i eit personleg rett forhold til den, i kraft av Jesu død for oss, kan vi betre møte alle andre som kjempar sine kampar med synda. «Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på.»

Rolf Kjøde, leder for det avtroppende interimsstyret for Frimodig kirke.
20.03.2017


Rolig no? Om behovet for forpliktande fellesskap i tider med kyrkjeleg uro.

Av Sofie Braut

I vinterferien laga eg meg ei lese-krå i eit loftsrom heime hos foreldra mine i Suldal. Der hadde eg eit godt retrett-rom midt i herleg intense familieferiedagar. Eg irriterte meg berre litt over at vinduga der oppe under mønet var så lite. Det ga meg svært så avgrensa utsikt. Eg fekk lite utsikt over det vakre landskapet utanfor. Desse dagane gjekk det gradvis opp for meg: kor ufatteleg mykje viktigare er det med det lyset som kjem inn dette vesle vindauget! Det gir lys til heile rommet eg sit i, sjølv om mi utsikt er på langt nær er fullkomen. Vi kan streva for å få ei ideell utsikt i tider som dette. Men heile tida vert det avgjerande punktet at vi slepper det store lyset inn over oss.

Takk for at eg får koma hit til Storsalen på stiftingsmøtet til Frimodig kyrkje for å dela nokre tankar!

Artikkelen min, «Rolig no» (vl/verdidebatt.no) vart skriven ferdig på hotellrommet i Trondheim under årets Kyrkjemøte (KM). Dette var krevjande dagar, der ein verkeleg får kjenna noko av realiteten bak den spesielle situasjonen DNK har hamna i. Det eg kjenner er følgjande:

Det er ikkje berre å finna fram til politikaren i seg og «ta seg saman, erkjenna nederlaget og gå vidare. «keep calm and carry on» er sikkert eit velmeint råd, men her strekk det ikkje til. «Carry on» er ikkje nok når kallet er «to carry the cross». Då må ein stoppa opp. Venta. Finna navigeringspunkta som eigentleg skulle gi kursen vår. Dei finn vi i Guds ord. Og dette Ordet viser oss vegen til Kristus, som er Ordet. Han ber oss framleis om å venda om. Den som har ordet mitt og som tek vare på det…

Det vert snakka om forsoning, også på KM . Forsoning er eit fint ord. Men forsoning utan oppgjer, med eit ope sår, er det mogleg? Kanskje det er betre å finna att teneste og tru midt i det som ikkje kan forsonast, men der ein likevel kan vera eit vitne, eit uromoment som unndreg seg både teieplikta og tilpassingskravet og rett og slett vert verande? Dette er spørsmål vi bør ta oss tid til å stilla og å leva med ei tid. Kanskje lenge. Vi gjer vel i å minnast at kristne over heile verda lever under mange slags kår og med mange slags utfordringar. Når vi opplever at vår eiga kyrkje ikkje vil forankra læra i Bibelen, må vi først og fremst la vera å bli dominerte av forferdelse og forargelse. Vi byggjer ikkje fellesskap av forferdelse og forargelse. Vi må på nytt bli drivne inn mot og dominerte av ordet og bøna.

Spørsmåla eg er oppteken av er om det er råd å finna ein veg midt i dette landskapet. Eg er ikkje utan vidare villig til å gje opp den kyrkja eg er døypt i, som eg har gifta meg i, som barna mine har lært å kjenna som ein åndeleg heim. Eg meiner det er verdt å utforska om det er realitet bak orda om at klassisk kristendom framleis skal kunna formidlast i DNK. Men det vert ikkje prøvd ut gjennom å vera «stille og snill», eller sitja rolig i båten og håpa på smule farvatn framover. Då kunne vi like godt ha stemt for den nye liturgien, alle saman. Legg gjerne merke til kor fort eit krav om «innestemme» kjem. Litt umerkeleg kan ein kjenna på at all alminneleg omtale av Jesu ord om ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, brått vert ein type konservativ aktivisme. Men det er det altså ikkje. Det må ein frimodig påpeika.

I går var eg med på vigsling av den nye Stavanger-biskopen. To av uttrykka som vart brukte om kva som bør prega ein tilsynsmann, var sindighet og årvåkenhet. Det er eit godt ordpar til oss alle. Det er eit godt ordpar for tider som desse. Vedtaka på KM 16 og 17, er ledd i ei utvikling vi har kunna lesa av ei tid. Dei er mellom anna resultat av at menneske er for lite sindige; for ivrige etter å reformera og gje etter for ytre press.

Som eg har sagt før, er det liturgien si manglande forankring i Bibelen som bør vera ein hovudgrunn til å uroa seg. Vi kan ikkje bygga fornying på forarging. Dersom vi ønskjer fornying må vi starta med det som skaper fornying, og det er no som før, eit nært og levande forhold til Guds Ord. Det er to posisjonar som særleg forundrar meg når det gjeld dette med forholdet til Guds Ord.

  1. «Trist at det står slik i Bibelen, skulle ønskje det var annleis, men dessverre var det ikkje eg som skreiv dette, og no må eg nok akseptera det som står her…»
  2. «Jo flott dette, med eit skriftord og bøn, og ja, vi må arbeida for ein Bibelvekkelse, men kva skal vi eigentleg gjera no… no må vi tenka strategisk, no må vi …»

(litt karikert- men kanskje nokon kjenner seg att? Eg har sjølv vore innom begge)

Ingen av desse posisjonane er verkeleg frimodige på Bibelens vegner. Å be om at vi må få fornya syn for Ordet er avgjerande. Vi treng å koma til Ordet. Då oppdagar og erkjenner vi ganske snart, som ein klok kar sa på ei samling eg nylig var på: Bibelen treng ikkje gjerast relevant, Bibelen er relevant.

Men ein ting er kva vi les, og kva vi ser. Korleis skal vi så forhalda oss?

Å akseptera ting som dei er, er tvitydig. Det kan anten vera eit uttrykk for stor sinnsro men også for direkte uansvarlegheit. Det kjem sjølvsagt an på situasjonen. Opplever eg ei ulukke, bør eg føreta meg noko, også om eg ikkje kjenner skadeomfanget, eller har full oversikt over situasjonen. Slik opplever eg det no. Det er uoversiktleg, det landskapet vi no er i i DNK. Vi har eit vedtak som er vanskeleg å sjå føre seg som praktiske realitetar, mest av alt fordi det har som kjerne eit pussig paradoks. Det er rett og slett ikkje så enkelt å begripa at ein i ei kyrkje på same tid skal kunna forkynna i tråd med to lærer som går på tvers av kvarandre. Så eit par tankar om det å forhalda seg.

Frimodig kyrkje. Namnet forpliktar. Skal dette nettverket vera meir enn eit nettverk, kanskje eit kraftverk til og med, då kan vi gjerne læra noko av Josef. Josef fekk visjonane sine frå Gud. Så veldig strategisk var han kanskje ikkje, det har eg tenkt mange gonger i møte med denne historia. Josef-oppskrifta kan verka enkel, men er djup. Det Gud hadde minna han om, det bar han vidare. På grunn av dette vart han upopulær i søskenflokken. Likevel insisterte på å dela det igjen. Brørne var mildt sagt lite imponerte. Men han var likevel lydig. På eit tidspunkt gjekk han, symboltungt nok, med mat til brørne sine. Det var ikkje særskilt trygt, og det gjekk ikkje så bra, kan me vel seia. På kort sikt gjekk det dårleg.

Men Josef bar ikkje nag og han gav ikkje opp brørne sine. Han heldt seg til dette: det han vart minna om, det gjekk han vidare med. Han var djupt forplikta på å berre dela det Gud hadde minna han om. Han var frimodig, sjølv om det kosta. Så kan me for så vidt seia at historia om Josef hadde ein happy ending, etter mange slags prøvingar. Det enda i ei verkeleg forsoning, der Josef ikkje var bitter, men tvert i mot klar til å spela ei nøkkelrolle.

Eg veit ikkje kva som trengst i tider som dette. Det føresviv meg at Josef-metoden kan lesast av som årvåkenhet, lydighet, sindighet. Om orda kan verka noko gamalmodige, er noko av det vi verkeleg treng å sjå etter og be om—også for vår tid.

Som førebilete på Jesus, står Josef i ei særstilling. Teksten om han kan verka som eit soloportrett av ein helt. Men heller ikkje Josef sto åleine. Han fekk hjelp, og han søkte fellesskap. Ei av dei viktige linjene djupt i teksten er jo at Josef gjekk svært langt for å forsonast med familien sin. Men at det tok tid? Ja. At dei var på ulike stader? Ja. At det kosta? Ja. At det kravde eit verkeleg oppgjer og omvending? Ja.

Eit siste poeng. Vi lever i det uoversiktlege og uavklara. Eg tek meg sjølv i å klaga over manglande over- og utsikt, slik eg gjorde på loftsrommet heime i Suldal. Eg skulle ønskt eg såg vidare og såg breiare. Heile biletet, det skulle vi så gjerne likt å ha. Men menneske-formatet er avgrensa. Om utsikten er avgrensa, kan vi likevel la lyset utanfrå lysa opp rommet vårt. Slik ser vi også kvarandre og kan finna kraft i at vi er saman i dette rommet.

20.03.2017


Myndighet i liturgisaker

Johan Haga
advokat (H)

Menighetsmøtets innflytelse over vigselsliturgi

Et menighetsmøte i Agder har vedtatt at ny vigselsliturgi ikke skal innføres. Etter lovens ordlyd har menighetsmøtet kompetanse til å gjøre et slikt vedtak. Det er det neppe noen tvil om. Menighetsmøtet er derfor i sin gode rett og må respekteres.

Før de siste grunnlovsendringene, hadde Kongen myndighet til ikke bare å vedta liturgier, men også til å innføre, jfr. Grl. § 16 slik den tidligere lød. Slik er det ikke lenger etter Grunnlovsendringen i 2012. Kirkemøtet har ikke overtatt kongens posisjon i Grunnloven, og kan det heller ikke. Dette organ har overtatt Kongens myndighet til å vedta liturgi, men har selvfølgelig ikke overtatt Kongens særstilling i forhold til alminnelig lovgivning.

Rett nok er Den norske kirke fremdeles en statskirke, ikke minst fordi staten kontrollerer kirkens lovgivning. Alminnelig organisasjonsrett har derfor begrenset verdi når det gjelder forholdet mellom kirkemøtet og andre kirkelige organer så som menighetsmøtet, men den er ikke uten betydning. Forvaltningsloven og alminnelige forvaltningsrettslige prinsipper gjelder for Den norske kirke, jfr. kirkeloven § 38.

Kirkemøtet har ingen annen myndighet enn det er tildelt av loven og kanskje det som følger av at dette organ er Den norske kirkes høyeste organ i spørsmål som kan avgjøres innenfor rammene av loven. Etter lovens ordlyd fastsetter kirkemøtet alle gudstjenestelige bøker.

Kirkeloven § 24, fjerde ledd har følgende ordlyd: «Kirkemøtet treffer avgjørelser og opptrer på vegne av rettssubjektet Den norske kirke når det ikke er fastsatt i eller i medhold av lov at myndigheten er lagt til annet organ.»

Nå fastsetter loven nettopp at avgjørelse om innføring av liturgi, er tillagt menighetsmøtet, jfr. § 11.

I og med at kirkemøtet ikke har overtatt (og heller ikke kan overta) kongens særstilling, hans prerogativ, er det ikke rom for å tolke loven innskrenkende slik at bestemmelsen bare gjelder der loven er taus. I tillegg til dette kommer legalitetsprinsippet også til anvendelse. Dette prinsipp innebærer at det forvaltningsorgan som vil gripe inn ovenfor et annet må ha hjemmel, og hjemmelen må være klar.

Det er slett ikke sikkert at kirkemøtet kunne pålegge den enkelte menighet hvilke gudstjenestelige bøker som skal benyttes om loven var taus på dette punkt. I dette tilfelle er loven ikke taus. Menighetsmøtet er gitt myndighet til å avgjøre hvilke gudstjenestelige bøker som skal benyttes. Kirkemøtet mangler hjemmel for å instruere menighetene på dette punkt. Jeg vil ikke unnlate å nevne at også bekjennelsesskriftene kan være av rettskildemessig betydning i denne sammenheng. Confessio Augustana artikkel sju understreker nettopp at det i en kirke ikke er nødvendig å ha de samme skikker. Det er således intet i Den norske kirkes verdigrunnlag som tilsier at kirkemøtet i strid med lovens ordlyd, skal kunne instruere den enkelte menighet om bruk av gudstjenestelige bøker.

Innføring av ny liturgi, det vil si vedtagelse av bruk av gudstjenestelige bøker, har også en prosessuell side. Det må treffes et vedtak om bruken, og vedtaket må iverksettes. Om kirkemøtet pålegger menighetene i sin alminnelighet å ta i bruk nye kirkelige bøker, kan menighetene kort og godt påberope sin egen myndighet etter loven og unnlate iverksettelsen. Kirkemøtet har så langt jeg vet, ikke tvangsmidler til å pålegge en menighet bruk av kirkelige bøker. Domstolene kan neppe dømme et menighetsmøte til å vedta noe det er imot fordi det er alminnelig antatt at en domstol ikke kan fastsette hva et vedtak skal gå ut på.

Den driftsmessige forvaltningen av kirkene tilligger kirkelig fellesråd. Dette rådet vil neppe kunne tillate bruk av kirken når noen ønsker å bruke gudstjenestelige bøker som ikke er vedtatt av menighetsmøtet, og derved overkjøre menighetsmøtet. Men opptrer et fellesråd i strid med menighetsmøtet vil dette være alvorlig myndighetsmisbruk etter gjeldende forvaltningsrett og administrativt ødeleggende for Den norske kirke om det ikke påtales.

Endelig er det et moment at om Den norske kirke skal være troverdig når det hevdes at det er rom for to syn i denne saken, da må man bøye seg for at et menighetsmøte treffer vedtak som ikke behager flertallet.

Dagen, 22.03.2017


Soknemøtet sitt mynde

Kronikk i Dagen, 30.03.2017

Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått at lærene er «likeverdige».

Sist veke trykte Dagen eit innlegg frå advokat Johan Haga. Det handla om soknemøtet sitt mynde til å ta (nye) liturgiar i bruk – eller til ikkje å gjera det.

Dette er det viktigaste innlegget avisa har hatt på svært lenge. Det bør klippast ut og spreiast. I Eiken i Agder har dei sjøvsagt teke vare på det. For dei har fått høyra frå biskopar og Kyrkjeråd at fordi Kyrkjemøtet no har det myndet som Kongen tidlegare hadde (§ 16 i Gr.l.), så kan det også hindra soknemøtet og lokale kyrkjelydar i å seia nei til den nye liturgien.

For det er ei sak berre for presteskapet, må vite. I prestane si tenesteordning står det nemleg noko om deira ansvar for gudstenestelege ordningar.

Men tenesteordningar står ikkje over lova. Ingen protesterer på at Kyrkjemøtet har mynde til å vedta slike liturgiar. Men i Kyrkjelova heiter det at soknemøtet skal ta stilling til innføring av nye liturgiar.

Kyrkjerådet og dette rådet sin stab gjer noko veldig dumt når dei hevdar at kyrkjelydane må halda fingrane frå fatet, eller ter seg overberande når desse kyrkjelydane trur dei har slikt mynde – slik eg las biskopen i Nord-Hålogaland sin kommentar til soknerådet i Kautokeino sitt vedtak. For sokneråda var sjølvstendige rettssubjekt lenge før det vart oppretta eit nasjonalt rettssubjekt (2017). Kyrkjemøtet kjem til å streva mykje med å finna balansen mellom det lokale og det nasjonale på dette området. Fordelinga av mynde må nemleg skje utan at det eine organet vert overordna dei mange. I så fall er vi på full fart bort frå ein luthersk tankegang om kyrkjeordninga. Avgjerda på dette området ligg enno nokre år fram i tid. Men det kjem ikkje på tale å endra Kyrkjelova før Stortinget har vedteke ei religionslov, der Den norske kyrkja også, truleg, vil ha sin del (jfr. formuleringar i ny § 16 i Gr.l.

Eg vil med dette oppmoda alle kyrkjelydar, særleg der kyrkjefolket kjenner seg uroa over å ha prestar som støttar den nye ekteskapslæra, til å gje fråsegner om at dei ikkje helsar denne læra velkomen hos seg. Skulle presten neglisjera eit slikt vedtak, så veit vedkomande likevel «kor landet ligg». Og skulle eit slikt framlegg ikkje bli vedteke, ja, så veit kyrkjelyden for sin del også «kor landet ligg».

Eg kjenner ein og annan biskop som vil lesa det eg skriv her som eit forsøk på å skapa uro. For dei har satsa på at alt skal gå roleg og harmonisk for seg, etter at Kyrkjemøtet gjorde eit vedtak dei var i mot, men likevel røysta før. Lat meg forsikra om at det er det motsette som ligg meg på hjarta. For no er uroa så stor og tålmodet så tynnslite mange stader, at det må finnast ein ventil som kan lufta uroa!

Sist helg tala eg i ei stor bedehusforsamling. Fleire eg snakka med hadde alt meldt seg ut av kyrkja. Avisene har ikkje skrive om det, for desse folka er ikkje kjendisar. Dessutan er dei ikkje så mange at ikkje eit konfirmantjubileum, ei kyrkjebok eller nokre dåpsfamiliar kan kamuflera kva dette tyder. Men det merkast i samfunnet av dei heilage, dei som trufast kjem saman i tru og tilbeding!

I eit sympatisk intervju i Ekko (NRK 2) med sokneprest Helge Standal i Sykkylven nyleg, kom det fram at han ikkje eingong får gå av i fred og ro, når han no vil slutta som prest. For det er grunngjevinga hans som provoserer. For sin del finn han ikkje å kunna tena i ei kyrkje som held seg med to diametralt motsette lærer om ekteskapet. Han skulle jo fått ros for logikken, om ikkje for konsekvensen han dreg! Men nei. Grunngjevinga hans har ført til uro i konfirmantflokken (ja, tru det?), slik at biskopen – som altså er samd med han i sak – spør om han kan tenkja seg å slutta litt tidlegare, før konfirmasjonen. For her er det jo «naturleg» å tenkja tre månaders oppseiing...

Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått at lærene er «likeverdige». For akkurat som i kyrkjevalet er dei som uttrykkjer seg i halar på Facebook ei utømeleg kjelde til å gjera livet utriveleg for forstokka prestar. Biskopen oppmodar prestane til å ha «tillit til KM-vedtaket». Den oppmodinga tek kaka! Kvifor skulle vi ha tillit til eit vedtak no , når vi aldri har hatt det før, men tvert om åtvara om at dét ville skje som no skjer?! Og kvifor skal vi ha tillit til eit vedtak der desse biskopane sjølve har fått skrive inn at dei er imot det?

Vi har nett feira Maria bodskapsdag, Marimesse. Det var denne dagen prestane under krigen valde til å vitna mot staten sine planar om å gje alle born og unge oppseding i det nasjonalsosialistiske livssynet. Kvifor? Slik grunngav dei det: «Det er i dag Maria Budskaps dag, søndagen som minner oss om at Maria var utvalgt av Gud til å bli Jesu mor, unnfange ham ved den høyestes kraft og føde ham til verden. Til enkle og jevne foreldre betrodde Gud sin egen sønn av evighet og lot dem for barnet Jesus være i Guds sted. Også heri ser vi som kristne en stadfestelse av at grunnforholdet mellom foreldre og barn er en Guds skaperordning, et gudbestemt forhold som består ubrytelig og hellig for alle hjem.»

Kyrkja lærer ikkje lenger at dette er ei skaparordning. For du tullar ikkje med skaparordningar, like lite som du tullar med naturlovene. Trur du som kyrkja trudde i 1942, kan du ikkje tru som Kyrkjemøtet i 2017. Derfor må prestar som stiller seg bak den nye læra, slik ein av dei faktisk uttrykte det då han vart utfordra: - Nei, kjønnspolariteten inngår ikkje i mi forståing av kva eit ekteskap er.

Difor er det meir sakssvarande, ja, ærleg, å seia at dei to lærene gjensidig utelukkar kvarandre, enn å seia at dei er likeverdige. Det første er sant. Det andre er løgn.

Respekt! - skriv dei unge når dei vil gje honnør. Eg nyttar gjerne same ordet: Ha respekt for at orda må uttrykkja ei meining . Det gjer dei ikkje i vår teologiske ny-tale.
Og det vil vi alle få lida for.

Egil Morland
varamedlem til Kyrkjemøtet, tidlegare medlem av Kyrkjerådet
20.03.2017


Uhøyrt av statsråd – og biskop

Av Egil Morland

Statskyrkja er avvikla, men lever vidare i beste velgåande. Viktigare enn kyrkja sitt sjølvstende er det at kyrkja framleis kan styrast, og hennar tilsette og prestar pressast på plass. Kven skulle tru at ein stortingsrepresentant etter 2017 skulle uteska statsråden si meining om at kyrkjelydar ikkje vil innføra den nye likekjønnslæra? Det har då statsråden aldeles ikkje noko med. Og biskopen? Han ventar til statsråden har svara. Men då kan han svara. Som statsråden.

Bunden folkekyrkje

Dette er ikkje ei fri folkekyrkje. Det er ei bunden folkekyrkje. Men fordi statsråden spelar på lag med makta i kyrkja, går alt stille og roleg for seg. Kyrkja ekspederer statsråden sine svar vidare i systemet. Det er nedslåande at dei tre biskopane som til no har kommentert soknemøtevedtak, er nett dei konservative Øygard, Reinertsen og Braut. Dei er alle samde med kyrkjelydane – i det teologiske. Og dei strekkjer seg så langt som at folk må få «meina» kva dei vil. Men det er ingenting å ta omsyn til.

Det er sjølvsagt ein illusjon å tru at ein einaste av desse biskopane nokosinne vil visa tilnærma same engasjement for sitt «likeverdige syn», som dei på den andre sida gjer.

Merknad mot lov

I følgje Dagen (12. mai) seier statsråd Helleland at sokneråda «verken bør eller kan hindre at homofile gis anledning til å gifte seg i sin kirke.» Grunngjevinga er Departementet sin merknad til endringar i Kyrkjelova i Lovproposisjon L55 (2015-2016). Rett nok må ho då også sitera at gudstenester og kyrkjelege handlingar skal gjennomførast i lojalitet mot evangelisk-luthersk lære. Dette skal gjelda i alle kyrkjelydar. Og det er det vesle ordet «alle» som gjev henne frimot til å svara som ho gjer.

Men ho kunne ha sitert frå andre deler av proposisjonen. Til dømes frå innleiinga: «Et hovedsynspunkt i reformen er at soknenes selvstendighet skal føres videre. Hvert av de 1280 soknene vil dermed fortsatt være den grunnleggende enheten i Den norske kirke og ha en selvstendig rettslig stilling.» Og – for å låna hennar eigen bruk av modale hjelpeverb – ho både burde og kunne ha sitert frå proposisjonen at endringene «som er gjennomført, betyr at Kongens særskilte kirkestyre er avviklet» (frå 2.2). Og lagt til at derfor korkje bør eller kan ho som statsråd seia meir i denne saka. Det er nemleg ikkje hennar sak.

KM kan ikkje instruera sokna

Frå kap. 3.1.1 kunne og burde ho dessutan ha sitert at i «likhet med kommunestyret er ikke soknets organer (menighetsrådet og det kirkelige fellesrådet) undergitt noen alminnelig organisasjons- og instruksjonsmyndighet fra andre.» Kvifor? Fordi soknet er eige rettssubjekt. Departementet hadde nemleg merka seg at det var brei oppslutnad om at det nye rettssubjektet (Den norske kyrkja sentralt) si rettslege handleevne «bør utformes slik at ikke soknets selvstendighet svekkes». Dette grunngjev proposisjonen med ei tilvising til § 11 i Kyrkjelova (!), som altså seier at det er soknemøtet som avgjer innføring av vedtekne liturgiar mm. Kvart enkelt sokn har den same rettslege handleevne som kyrkja sentralt.

Statsråden dreg altså ein av departementets merknader i ei retning som torpederer alle intensjonar med endringane i kyrkjelova, som for øvrig berre fann stad for å tilpassa eksisterande lov- og regelverk til den nye situasjonen pr. 1. januar 2017. Det går nemleg som ein raud tråd gjennom heile proposisjonen at reelt er ikkje relasjonane mellom kyrkjelege organ endra. Det kan ikkje skje før Kyrkjemøtet om nokre år går i gang med å laga ei ny ordning for kyrkja.

Men frå leiarane i kyrkja kjem det ikkje eit pip til protest når statsråden snakkar om ting ho ikkje lenger har noko med. Det er uhøyrt!

Så kva seier de – biskopar og kyrkjerådsfolk: Skal ulovfesta merknader frå Departementet framleis få trumfe gjeldande lov? Kva rettstilstand er vi då komen i?

15.05.2017


Nettverk for frimodighet

Vårt Land, 16.05.2017

Det kan være tøft å være motstrøms i kirken, og det kan være enda mer krevende å være motstrøms i samfunnet. Vårt Land har i reportasjer og på lederplass satt fokus på hvordan kirkens medarbeidere på lokalplan opplever å gjøre tjeneste i en kirke som har åpnet for vigsel av samkjønnede. Proster har - uavhengig av eget syn - ansvar for å skaffe prest som kan vie, og de må ha oversikt over hvilke holdninger prostiets prester har. Bjørgvin biskop forteller at han fire-fem ganger har rykket ut til forsvar for prester som er blitt kritisert fordi de ikke ønsker å vie homofile. Biskopen i Nord-Hålogaland bekrefter at saken skaper uro i flere menigheter.

Den 20. mars ble Frimodig kirke opprettet. Nettverket ble til for å gi støtte, veiledning og frimodighet til ansatte og frivillige medarbeidere som står på kirkens klassiske ekteskapsforståelse. Vi leser kirkemøtets vedtak om at de to syn skal ha samme rom og samme respekt. Virkeligheten er dessverre ikke alle steder slik. Straks etter kirkemøtet opplevde flere prester med det klassiske syn å bli negativt omtalt i lokale media. I Frimodig kirke har vi kontakt med prester som også opplever at kollegaforhold er blitt krevende. Menighetsrådsfolk har kontaktet oss med spørsmål om hvordan de best kan opptre i vanskelige lokale relasjoner.

Frimodig kirke er ikke blitt opprettet for å bidra til svartmaling av kirkesituasjonen. Tvert i mot er nettverket blitt til for å gi ansatte og frivillige glede og frimodighet i tjenesten. Vi tenker om ekteskapet som det store flertall av verdens kirker, og vi oppmuntres av reformasjonsjubileet til fortsatt å være forankret i evangelisk-luthersk teologi. I tillit til Guds ord vil vi forkynne rettferdiggjørelse ved tro alene og kallet til å være Jesu etterfølgere. Jesus forberedte sine disipler på at det kan koste å følge ham, men Det nye testamentet taler mest om tjenestens glede. I Frimodig kirke vil vi bygge nettverk slik at vi kan dele gleder og utfordringer, og også gi veiledning og støtte. Både Vårt Lands reportasjer og annen informasjon varsler at veien framover ikke bare vil være problemfri. Når vandringen er krevende, er fellesskap en gave!

Svein Granerud,
styreleder i Frimodig kirke


På geledd?

Av Sofie Braut
Vårt Land, 20.05.2017

Å «køyra sitt eige løp lokalt» er etter kvart blitt ein vel ­innarbeidd praksis i Den norske kyrkja. Sjå berre på biskopane.

Når det vert turbulens på grasrota i ein stor organisasjon som den norske kyrkja, dukkar det fort opp nokre dilemma. I kva grad skal lokalt engasjement og intern «sivil ulydighet» tolererast som eit uttrykk for ein livskraftig organisasjon med medlemmer som kjenner på eit sterkt eigarskap og ansvar for utviklinga?

Når det i det siste har vore opprør i ­nokre kyrkjelydar mot å innføra ny vigselsliturgi, har saka knytt til den nye ­liturgien teke ei ny vending. Spørsmålet om kva grad av sjølvråderett soknet har innanfor strukturen i Den norske kyrkja har fått fornya aktualitet.

Eige løp

Det er ingen tvil om at det å «køyra sitt eige løp lokalt» etter kvart er ein vel innarbeidd praksis i Den norske kyrkja (Dnk), og har til dømes blitt brukt fleire gonger for å bana vegen for den nye ekteskapslæra.

Vi ser jo faktisk også noko av det same mønsteret på bispenivå, no sist i samband med saka om sambuarskap for tilsette i vigsla stillingar. Her gjekk preses først ut med det som er kyrkja sitt syn, men ­etter berre kort tid får vi ulike versjonar frå andre biskopar. I lys av dette er det ikkje så overraskande at ikkje alle straks er på geledd etter det svært teologisk kontroversielle vedtaket frå Kyrkjemøtet tidlegare i år.

Tilslørande

Likevel kan ein tenkja seg at sporet med å prøva å fastsetja slik lokal sjølvråderett gjennom tolking av lovparagrafar både vil verta tidkrevjande, dyrt og skapa mindre motivasjon og glede blant alle som er involverte. På sikt kan det kanskje også koma til å tilsløra noko av det som verkeleg er problemet med vedtaket om «to likestilte syn» i ekteskapslæra.

For det eigentleg opprivande momentet ved etableringa av to motsette, men «likeverdige» syn i ekteskapssaka, ligg sjølvsagt ikkje i det organisatoriske. For å akseptera konsensusvedtaket må ein vera ein så hardbarka pragmatikar at ein faktisk legg vekk tanken om at alle liturgiar i Dnk skal vera forankra i bibelord. Det eine av dei to likestilte syna meiner faktisk at det andre synet inneber å gjera noko som er mot Guds skaparorden og Bibelens ord, til ein del av ei heilag handling. I dette ligg det, for den som tek seg tid til å tenkja etter, eit alvor som ein er nøydd for å respektera, uansett kva syn ein elles måtte ha.

Akkord

Det er dette alvoret som kjem til uttrykk når ein ser tendensar til opprør nokre stader på grasrota i Dnk. Folk leitar etter nye måtar å påpeika at vedtaket, slik det føreligg, inneber eit gedigent paradoks og for mange uløyste dilemma. Det er dessutan på lokalplanet folk kjenner skoen trykka i Dnk– både når lokalpressa krev at prestar står skulerett fordi dei refererer til bibelord om ekteskap mellom mann og kvinne, og når folk opplever å måtta gå på akkord med eiga overtyding – i einskapens namn.

Sjølv den mest eminente retorikar kan ikkje formulera seg vekk frå det som riv opp og splittar. Einskap er ikkje berre eit vedtak ein får til på toppen i ein organisasjon. I politikken kallar vi gjerne grasrotopprør og lokale protestar for kaos og bråk – samstundes med ei klar forståing av at dette er ein viktig del av eit velfungerande system, dette er også ein del av den demokratiske prosessen. Sjølv om eit vedtak frå leiarhald og mellom analytikarar går for å vera samlande og genialt, er det til sjuande og sist korleis det fungerer i praksis som avgjer.

Splitting som effekt

På eit overordna nivå, melder det seg nye spørsmål som gjeld valkyrkjelydar og kva fleksibilitet som kan finnast innanfor kyrkjestrukturen.

For kort tid sidan kunne vi her i avisa lesa om den danske kyrkjeforskaren Hans Raun Iversen, som åtvara mot å danna valkyrkjelydar i Noreg. I følgje han verkar slike nyetableringar nemleg splittande. For mange, inkludert underteikna, vert slik ein analyse på grensa til komisk.

Her blandar nok den gode forskaren noko så grunnleggjande som årsak og verknad. Å leggja til rette for meir fleksible ordningar som liknar valkyrkjelydane i Danmark er ikkje det som forårsakar eventuell splitting, det vil eventuelt vera ein effekt av eit vedtak som for mange i Den norske kyrkja verkar uklart på det som er aller viktigast: nemleg kva plass Bibelen har som autoritet og premissleverandør for det vi driv med i kyrkja.

Å skapa ein fleksibel struktur i Dnk kan kanskje vera med på å gjera det mogleg for fleire å vera med vidare. Korleis dette skal sjå ut, er for tidleg å heilt ha oversikt over. Ein ting er sikker: Å praktisera prøyssardisiplin ovanfor sokna er ikkje vegen å gå for å sikra den vidare einskapen.


Barnetro og levende voksentro

Verdidebatt.no, 19.06.2017

Det handler om hvilket jordsmonn av reflektert og levende tro som trengs i et barns omgivelser for at barnetroen skal ha rom til å vokse seg sterk og vare livet ut.

Sofie Braut har i sin faste spalte i Vårt Land satt et kritisk søkelys på begrepet "barnetro". Temaet er viktig. Hun tråkker noen på tærne. Kanskje Kirkens viktigste oppgave er å nå nye generasjoner med evangeliet. Og teologisk sett er et barns tro på Jesus like mye verdt som en voksens tro.

Men det er ikke dette det her handler om. Og det handler etter mitt skjønn heller ikke bare om hvilket trosliv de voksne har bruk for. Det handler om hvilket jordsmonn av reflektert og levende tro som trengs i et barns omgivelser for at barnetroen skal ha rom til å vokse seg sterk og vare livet ut.

Når man i norsk folkekirkelighet lett idealiserer "barnetroen" også hos voksne, kaster vi barnet ut med badevannet. Undersøkelser på overgang fra barnetro til voksentro, viser at mange unge voksne mister troen fordi det kristne miljøet de har vokst opp i ikke utrustet dem til å møte de intellektuelle utfordringene som kommer før eller siden. Dette i kombinasjon med at de voksne som omga dem i oppveksten i for liten grad hadde et trosliv som barna og de unge merket i hverdagen. En voksen tro som er synlig først og fremst på merkedager i livet, er et jordsmonn med begrensede vekstmuligheter.

Kirkens trosopplæringstiltak er en verdifull støtte for foreldrene. Men særlig i de aller første formative årene i barnets liv, er det hverdagstroen i hjemmet som teller mest.

Når mye i tillegg tyder på at vi beveger oss inn i et samfunnsklima der den kristne troen kommer under angrep på helt andre måter enn før, trenger både barn, unge og voksne å utrustes med en tro som tåler motgang, både på det "åndelige", intellektuelle og emosjonelle plan.

Det er lett å kjenne seg såret på egne og andres vegne når Sofie Braut setter likhetstegn mellom begrepet "barnetro" og "åndelig latskap". Men jeg tror hun formidler en nød som dypest sett handler om kristentroen vil ha overlevelsesmuligheter i Norge over tid.

Vidar Mæland Bakke
Nestleder i Frimodig kirke - et nettverk for bekjennelse, fornyelse og disippelskap i Den norske kirke



Frimodig Kirke - Kontakt oss: